For
at vi skal få eit betre klassemiljø meiner eg at vi skal vere greie mot
kvarandre og vi skal passe på kvarandre. Vi skal ikkje ha noko mobbing og vi
skal ikkje le viss noen gjør noko feil. Vi skal støtte kvarandre og gjøre
kvarandre gode. Vi må jobbe i lag og vi må hjelpe kvarandre og vi skal høyre på
kva læraren seiar. Viss vi begynner med dette kan vi få eit betre klassemiljø. For å få eit bedre klassemiljø meiner eg at alle må få tillit til kvarandre og at vi må stole på kvarandre. På skulen må alle alltid vere disiplinerte og fokuserte.
torsdag 29. oktober 2015
Ungdomskultur
Med ungdomskultur tenkjer vi på ein kultur skapt av og for unge
menneske. Omgrepet ungdomskultur oppstod i
1950-åra da rock blei ei populær musikkform. Ei viktig årsak til at vi kan
snakke om ungdomskultur, var den økonomiske framgangen i den vestlege verda
etter den andre verdskrigen. I dag tenkjer vi også på ungdomskultur som
noko som skil ungdom frå barndom og vaksenverda.
Mange ungdommer er ofte opptekne av korleis venner kler seg, og vil alltid passe inn i forhold til kva slags miljø dei er i. I dag tenkjer vi som oftast på ungdomskulturen som noko som skil ungdom frå barndom og vaksenverda. Dei fleste ungdommar idag meinar sjølv at dei er for gamle til å vere heima med foreldra og vil istaden vere med kamerater/venninner

Kildeliste:
https://elvis-wiki.wikispaces.com/Ungdomskultur+-+gruppe+2
http://rle-nett.cappelendamm.no/enkel/seksjon.html?tid=1316342
tirsdag 27. oktober 2015
Rus og psykisk helse
I denne
teksten her skal eg snakke litt om alkohol og kva slags konsekvensar alkohol
kan gi.
Alkohollova
seier at man må vere 18 år for å kjøpe øl og vin å du må vere 20 år får å få
kjøp sprit og brennevin osv. (Ekeland, s.74). Viss du kjøper alkohol til
personer som er under 18 år kan du risikere å få ei lang straff.
Når
alkoholen kjem ned i magen og tarmane så blir alkoholen trekket inn i blodet og
blodet begynner å frakte blodet rundt i kroppen. (Ekeland, s.74) Hjernen og
leveren blir mest påverka av alkoholen, med å drikke alkohol øydelegger du
leveren og du kan risikere og få hjerneskader.
Viss du
har drukke alkohol så er det ein lov som seier at du ikkje har lov til å kjøre
bil, grunnen til det er enkel, når du har fått i deg ein viss mengde alkohol og
alkoholet har sirkulert rundt i kroppen skjer det noe med deg, du klarer ikkje
å tenke klart og du er ikkje 100% deg sjølv, det vil seie at du har blitt full.
Viss du da kjører bil når du er full kan du krasje sidan du ikkje har full
kontroll og da utsetter du deg sjølv og andre folk i trafikken i fare.
Viss du
er gravid anbefalast det på det sterkaste og ikkje drikke eller ruse deg på
noen som helst måte. Grunnen til dette er på grunn av når du drikker for
eksempel ei flaske øl så får ungen inni magen i seg like mye øl som du drikker,
dette kan føre til at ungen får alvorlige skader og det blir større sjanse for
at barnet får ein sjukdom når barnet blir født.
Kjeldeliste:
Ekeland, Per Roar, Tellus 9, Aschehaug, 2009
Ekeland, Per Roar, Tellus 9, Aschehaug, 2009
fredag 23. oktober 2015
OD-Dagen
Hei, mine forventniger til OD-dagen er at alle skal samle inn penger sånn at folk i andre land skal slippe seksuell trakassering. Eg vil at alle i heile verden skal ha det bra, så derfor synest eg at det er supert at vi kan hjelpe :)
torsdag 15. oktober 2015
Menneskerettane
Menneskerettane er noko mennesker trenger for at alle skal ha det godt i verden, sjølv om ikkje alle i verden har det godt vil menneskerettane prøve og få slutt på alt det vonde. Det er mangen rettar og nokon er at ein mørk huda person har like mye rett på jobb som ein lys huda person.
Abonner på:
Innlegg (Atom)